Vil du vera med å gi barna våre ein god start på livet?
Bokn Kommunale Barnehage
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som pedagogisk leiar i Bokn barnehage
Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne. Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane. Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.
Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade. Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!
Kompetansekrav
- godkjend utdanning som barnehagelærar
- erfaring frå arbeid i barnehage
- beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2
- beherske digitale verktøy
Arbeidsoppgåver:
- planleggja , gjennomføra, vurdera og dokumentera pedagogisk arbeid/innhald
- bidra til å sikra godt samarbeid barnehage-heim
- bidra til å sikra godt samarbeid på avdelinga saman med barn og tilsette
- bidra til eit godt samarbeid med eksterne instansar
- vise engasjement
Som arbeidsgjevar kan me tilby
- lønn etter tariffavtale
- moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- medlemskap i offentleg pensjonsordning
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322823568
- Sist endret