Ped.psyk.rådgivar - grunnskole
Pedagogisk fagsenter
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ålesund PPT har ledig 100% fast stilling som ped.psyk.rådgivar for arbeid på grunnskoleområdet fra 01.01.24.
PPT i Ålesund kommune er ei av dei store PP-tenestene i Noreg og dekkjer eit stort geografisk område med meir enn 36 grunnskolar. Tenesta har kontorplass i Ålesund rådhus og Ørskog tenestehus.
Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Opplæringslova. PPT skal hjelpe skolane i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og unge og sørgje for at det blir utarbeidd sakkyndig vurdering der lova krev det.
Vi søkjer etter medarbeidar til arbeid i tenesteområde grunnskole. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til førebyggande arbeid, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling samt utarbeiding av sakkunnige vurderingar når lova krev det. Arbeidet vil gå føre seg ute i skolar i møte med og i tett samarbeid med barn/elevar, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tole høgt arbeidspress. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med skular for å fremje gode og likeverdige utviklings- og opplæringstilbod. Dette vil gjelde førebygging, tidleg innsats, trygt og godt læringsmiljø samt rådgjeving og støtte i overgangar mellom barnehage og skule, og mellom skuleslag.
- Utvikle gode individuelle tiltak innanfor ramma av klassefellesskapet.
- Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det.
- Dialog med og rettleiing av føresette og skule.
- Hjelpe skulane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling .
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og solid bakgrunn med erfaring og kompetanse frå skuleområdet.
- Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid.
- Det vert stilt krav om gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
- Det er ønskjeleg at søkjar har rettleiarkompetanse samt aktuell test- og kartleggingskompetanse.
- Erfaring frå arbeid i grunnskole er ønskjeleg.
- Det blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar
Personlege eigenskapar
PPT søker deg som
- har gode samarbeidsevner og kan motivere andre.
- er sjølvstendig og arbeider målretta
- er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie
- har evne og vilje til å tileigne deg relevant fagkunnskap
- har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) - bedrift
- Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Ålesund kommune.
Kontaktinformasjon
Solfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.noGry Rennan, Avdelingsleiar , 908 14 161, gry.rennan@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms g. 116003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4712819553
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322816029
- Sist endret