Byggesakshandsamar
Kommunalområde Samfunn, Byggesak og oppmåling
- Frist 22.10.2023
For Ålesund kommune er byggesaksavdelinga ein viktig bidragsytar for omdømebygging og attraktivitet. Arbeidsprosessane i avdelinga er tett knytt til andre avdelingar og verksemder som plan, geodata, vatn og avløp, miljø og samferdsel samt innbyggartorg.
Kommunen har stor byggeaktivitet og stor variasjon i type saker. I Ålesund sentrum er bevaring og arkitektonisk kvalitet eit særleg fokusområde. I områda rundt Ålesund og i dei historiske kommunesentra i Skodje og Sjøholt er det meir utprega bustadstrøk, medan ein og har landlege område der landbruk, jordvern og naturvern er sentrale omsyn. Oppgåvene varierer frå saker knytt til vern/utvikling av historisk bykjerne til oppgåver i landlege områder i heile Ålesund kommune.
Avdelinga har omlag 15 medarbeidarar med ulik fagbakgrunn. Sakshandsaminga skal sikre at utbygging skjer innanfor plan- og bygningslova, og bidreg til føreseieleg by- og tettstadsutvikling. Avdelinga følgjer opp byggesaker, tilsyn og ulovlegheitssaker. Stillinga inneber mykje kontakt med publikum, og evne til kommunikasjon og samarbeid er viktig.
Vi treng fleire ressursar og skal tilsette 3 sakshandsamarar for byggesaker. 2 av stillingane er reservert for søkjarar med arkitekt-kompetanse, medan den siste stillinga er reservert for søkjarar med ingeniør-kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Handsaming av byggesøknadar, både administrativt og til politiske utval.
- Deltaking ved tilsyn.
- Rettleiing og andre oppgåver etter plan- og bygningslova.
- Sjølvstendig sakshandsaming og arbeid i team.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan relevant fagfelt, arkitekt-kompetanse og ingeniør-kompetanse.
- Du må ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Det er ein fordel om du har førarkort klasse B, men det er ikkje eit absolutt krav.
- Erfaring frå offentleg sakshandsaming er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
- Samfunnsengasjert.
- Nyskjerrig og interessert i å utvikle digitale tenester.
- Løysingsorientert og serviceinnstilt.
- Strukturert og analytisk.
- Du må ha evne til å både arbeide sjølvstendig og i team med kollegaer.
Vi tilbyr
- Moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.
- Spennande og meiningsfylte oppgåver.
- Eit godt tverrfagleg miljø.
- Utviklingsmoglegheiter.
- Lønn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.
Kontaktinformasjon
Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, silja.ovrelid@alesund.kommune.noArbeidsstad
Keiser Wilhelms g. 116003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 4713456481
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322815962
- Sist endret