Fastlege Vika legesenter
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Selvstendig næringsdrivende
I Ålesund kommune har vi no ledig ein fastlegeheimel ved eit heilprivat og veldreve legesenter; Vika legesenter fra 01.05.24
Heimelen: Ein av våre dyktige og erfarne legar blir pensjonist etter 23 år i denne praksisen, så dette er ei godt opparbeida liste. Listestorleiken er i dag 1200, denne kan reduserast etter dialog med kommunen.
Ålesund kommune sin Legeplan 2021- 2025 tar utgangspunkt i ei liste på 1000 pasientar i ein 5 dagers kurativ praksis.
Legesenteret: Vika legesenter er ein 4 lege praksis i Daaeskogen næringsbygg sentralt i Moaområdet. Her er det igjen 3 erfarne spesialistar i allmennmedisin, rutinert og stabilt hjelpepersonell i 3,3 stilling.
Legesenteret er i diskusjon med kommunen om overgang til kommunal drift i løpet av første halvår 2024. Om kontoret blir kommunalt, kan du velge om du ønsker næringsdrift eller fastløn med 15 % provisjon av inntjening.
Om du vil starte di spesialisering i allmennmedisin, eller er i gang med ny ordning, så er Ålesund kommune godkjend utdanningsverksemd, og du vil få tilbod om ALIS avtale.
Vilkår for å overta pasient lista vert avtala med Ålesund kommune etter retningslinjene fra Den Norske Legeforening
Oppstart 01.05.24 eller etter avtale.
Til heimelen inngår deltaking i interkommunal legevakt.
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen bli tilplikta offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
- Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv fremtoning
- God arbeidskapasitet
Kontaktinformasjon
Lisbeth Anita Løvoll, Rådgiver Fastlegeordningen, +47 917 43 615, lisbeth.anita.lovoll@alesund.kommune.noArbeidsstad
Åsesvingen 166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4714052396
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322810647
- Sist endret