Lege i spesialisering 2/3 - oftalmologi
Augeavdeling, Førde sentralsjukehus
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Augeavdelinga, Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stillingar for LIS 2/3 (oftalmologi):
- 2 x 100% fast stilling - ledig per i dag
- 1 x 100% 6 mnd. vikariat med moglegheit for forlenging
Vi søkjer LIS 2/3 med interesse for og eventuelt erfaring i oftalmologi. Oppstart i stillingane etter nærare avtale.
Augeavdelinga har 8 legestillingar, derav 4 LIS, optikar, og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
- Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
- I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
- Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer søkjar med erfaring i oftalmologi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Odd Arne Standal, Avdelingssjef, (+47) 578 31 699Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4714275941
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322787085
- Sist endret