Helsefagarbeidar
Kirurgisk/ortopedisk sengepost Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil DU bli vår nye kollega?
Vi har no ledig fast stilling for helsefagarbeidar. Arbeidstida inneber p.t. turnus med arbeid kvar tredje helg, ev kvar 4. helg med 12 timars vakter.
Sengepost for kirurgi og ortopedi er ein tverrfagleg seksjon med særleg fokus på ortopedisk øyeblikkelig hjelp, ortogeriatri for pasientar med lavenergibrudd, elektiv urologi og infeksjonspasientar. Seksjonen dekkjer kirurgiske fagområder innanfor ortopedi ,urologi og gynekologi.
Sengeposten har erfarne tillitsvalgte frå Fagforbundet og NSF, og har eit godt fungerande verneombod som i samarbeid med ledelsen arbeider for eit godt arbeidsmiljø.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Det nye akuttsjukehuset har kort reiseveg frå Kristiansund. På veg mot nytt sjukehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette.
Arbeidsstad p.t.er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye akuttsjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon
- Rettleie og orientere pasientar og pårørande
- Ha medansvar for helsefaglærling
- Opprette og oppdatere elektronisk pasientjournal, og sørgje for at denne inneheld problem, tiltak og fortløpande evalueringar. Dette inkluderer også å sørge for at e-meldingar til kommunalt tenestenivå til ei kvar tid er oppdatert
- Vere kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningsliner
- Sette seg inn i bruken av sengeposten sitt medisinsk tekniske utstyr
- Samarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måte
- Bidra til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvendte sjukehus
- Ta medansvar for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du samarbeider godt med kollegaene dine
- Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i team
- Du har interesse for kirurgisk/ ortopedisk pleie, e-helse og digitalisering
- Du er fleksibel og viser vilje til endring
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Anne Mari Grønseth, Seksjonsleiar, 71120000Arbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4716348343
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322772798
- Sist endret