Helsefagarbeidar 100 % vikariat
Bokn Kommune Pleie- og omsorg
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Helsefagarbeidere 100 % vikariat , ledig frå snarast
Er du helsefagarbeidar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar ogdyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta. Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mothelgearbeid, held på med eit prosjekt med heiltidskultur og legg til rette for langvakter både på helg og i vekedagar. Me har ledig 2 vikariat i 100 % stilling frå og med snarast og ut 2024.
Om arbeidsstaden
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
Arbeidsoppgåver i stillinga
Ordinære pleieoppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Kompetansekrav
Fagbrev som helsefagarbeidar\hjelpepleiar
Førarkort klasse B
Andre med relevant utdanning eller arbeidserfaring vert også vurdert
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
Arbeidsgjevar tilbyr
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kolegaer
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322700615
- Sist endret