Inaktiv
Ungrettleiar
NAV Årstad, Mulighetssenteret
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du gje ungdom og unge vaksne moglegheiter? Vi søker tre rettleiarar til Mulighetssenteret ved NAV Årstad.
Som rettleiar er du ein del av eit fag- og kompetansemiljø i vekst som kvar dag jobbar for å førebygge og redusere utanforskap hos unge.
NAV Årstad er regionkontor i NAV region Bergen og bydelskontor for Årstad bydel. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Kontoret har om lag 200 tilsette. Mulighetssenteret er ein innovativ pilot i NAV Bergen som skal gje ungdom og unge vaksne koordinerte, saumlause og kunnskapsbasert tenester.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
- Følge opp og rettleie med samtaler og samarbeidsmøte
- Kommunisere digitalt med brukarar
- Sakshandsame etter lov om folketrygd, arbeids- og velferdsforvaltningslova og lov om sosiale tjenester i NAV
- Sjå kvar enkelt sin kompetanse og korleis dei raskt kan kome i arbeid
- Vere i tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Endring i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- minimum bachelor frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- kompetanse til å rettleie menneske med samansette behov
Vi ønsker at du har:
- erfaring frå arbeid med unge vaksne
- erfaring frå sakshandsaming i offentleg verksemd
- kompetanse innan arbeidsmarknaden og verkemiddel i NAV
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er ein lagspelar med heilskapsperspektiv, og som:
- set deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- er god til å bygge relasjonar og motivere andre
- er sjølvstendig og arbeider systematisk
- kan handtere uvisse i eit dynamisk miljø
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 540 500,- til kr. 604 900,- per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Marius Hilton, Prosjektleiar, 458 37 024, marius.h.hilton@nav.noMariann Haukeland, Avdelingsleiar , 466 37 152, mariann.haukeland@nav.no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4717028161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2023
Søknadsfrist: 27.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322690193
- Sist endret