Er du vår nye veiledar?
Vindafjord kommune NAV Vindafjord-Etne
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Me søker:
NAV Vindafjord- Etne består av 26,2 årsverk, og held til i lokaler på Rådhuset i Ølen. Me har ledig ei fast 100% stilling som veiledar i Team økonomi. Stillinga er ledig frå 1. desember 2023. Me søkjer etter ein engasjert medarbeidar som har ei positiv innstilling, er nytenkjande og fokusert på å finne moglegheiter. Me ser etter deg som trives med endring og utvikling i stort tempo. Arbeidsoppgåvene vil bestå av både sakshandsaming og individuell oppfølging gjennom samtalar og veiledning.
Hos oss får du:
- meningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
- vera med å hjelpa enkeltmennesker
- jobba i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- store utviklingsmoglegheiter
- viktig og positiv arbeidserfaring
- jobbe med engasjerte og kompetente kollegaer
Hovudarbeidsoppgåver:
Sakshandsame etter lov om sosiale tenester i NAV
- Kartlegga, avklara og veileda brukar i forhold til økonomi og sosiale forhold
- Samarbeida tett med kollegaer på tvers av team, samt andre aktuelle samarbeidspartnerar i og utanfor kommunen
- Frontvakt i publikumsmottak
Kvalifikasjonar:
Minimum 3- årig utdanning frå Høgskule/universitet, fortrinnsvis bachelor i sosialt arbeid, barnevern eller økonomi.
- Gode digitale ferdigheter
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med veiledningskompetanse, anten gjennom formell kompetanse eller gjennom praksis frå veiledningsarbeid
Personlege eigenskapar:
Du har evne til å skape tillit og bygga gode relasjonar
- Du har evne til å tenkja heilskapleg og sjå heile mennesket
- Du har ei positiv innstilling, nytenkjande og er fokusert på å finne moglegheiter
- Du motiverer og stiller krav til brukar og samarbeidspartnarar
- Du arbeider sjølvstendig, målretta og effektivt
- Du trives med utvikling og endring i stort tempo
- Du er strukturert, sjølv i ein uforutsigbar kvardag
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322653142
- Sist endret