Vernepleiar/sjukepleiar -50% fast
Alver kommune
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig ein 50% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga inneber todelt turnus, i snitt kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane etter vedtak
- Sikre at brukarar får eit trygt og fagleg forsvarlig avlastningsopphald
- Gje rettleiing til kollegaer ved behov
- Sikre god og forsvarleg medikamenthandtering
- Delta og bidra fagleg på samarbeids- og personalmøte
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Sikre gode overlappingsrutiner
Om avdelinga
Avdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.
I avdelinga vår legg vi vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Vi er også opptatt av tverrfagleg samarbeid, og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar. Det viktigaste er at du trivast og er engasjert i å arbeida med born og unge!
Vi treng å styrke den medisinske kompetansen på avdelinga og ønskjer difor ein sjuke- eller vernepleiar som er god på å følgje opp og ta ansvar for medikamenthandteringa.
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjend vernepleiar eller sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Ønska kompetanse:
- Kjennskap til epilepsi
- Erfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne
- Kjennskap til lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
- Kjennskap til emosjonsfokusert tilnærming
Kven er du?
Vi ser etter deg som har evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt. Du har og evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar, pårørande og kollegaer. Samstundes kan du by på deg sjølv, og ønskjer å arbeida for eit godt arbeidsmiljø og skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn etter tariffavtale
- Gode rutinar og prosedyrar
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Faste samarbeidsmøter og rettleiing
- Pensjonsordning via KLP
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322643155
- Sist endret