Molekylærbiolog
Mikrobiologisk avdeling/Avdeling for Patologi, Helse Førde
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein engasjert molekylærbiolog i 100% fast stilling til utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
Stillinga er delt mellom Mikrobiologisk avdeling 70% og Avdeling for Patologi 30%. Stillinga er ledig frå 11.12.2023. Tidspunkt for tiltreding etter avtale.
Molekylærbiologisk eining utfører PCR-basert mikrobediagnostikk for mikrobiologisk avdeling, og undersøkjer genetiske endringar knytt til kreftsjukdomar for Avdeling for patologi. Eininga har eit mål om å dekke størsteparten av behovet for molekylærbiologisk service innan mikrobiologi for befolkninga i Sogn og Fjordane. I tillegg vil ein tilby eit tilfredsstillande repertoar for arvestoffbaserte analysar innan molekylærpatologi.
Fagområdet molekylærbiologi er i stor utvikling kor fleire nye analyser har vore etablert dei siste åra. I 2023 har det vore ei utviding av vår molekylærbiologiske lab. Teknologien er i rivande utvikling mellom anna med pågåande innføring av Neste Generasjons Sekvensering (NGS). Avdelingane vektlegg å drifte alle prosessar med høg kvalitet og mikrobiologisk avdeling er akkreditert. Prøvar vert mottatt frå spesialisthelsetenesta innan og utanfor sjukehus, samt frå primærhelsetenesta. Avdelingane har eit tverrfagleg miljø med legar, bioingeniørar, molekylærbiologar, avdelingsingeniørar og sekretærar. Arbeidstid er dagtid, men kan innebere turnus på laurdagar og i høgtider.
Viser til Helse Førde sine sider for meir informasjon om avdelingane: Mikrobiologisk avdeling og Avdeling for Patologi
Ved internt opprykk vil det bli ledig fast stilling/vikariat som bioingeniør II/avdelingsingeniør II og/eller grunnstilling.
Skriv i søknaden kva stilling du er interessert i.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift av mikrobiologiske analysar på Molekylærbiologisk eining inkludert innkjøp, lager, koordinering av personalressurs
- Delta i implementering av IVDR-forordning i molekylærdiagnostikk
- Kontinuerleg arbeid for kvalitetssikring av diagnostikken og oppdatering og vedlikehald av analyserepertoar og prosedyrar
- Eit utval av molekylærbiologiske metodar (ekstraksjon, PCR-baserte metodar, fragmentanalyse, NGS)
- Analyse av patogene virus og bakteriar innan mikrobiologisk diagnostikk og analyse av genetiske endringar innan kreftdiagnostikk
- Halde seg fagleg oppdatert om analysemetodar og nye agens
- Validering/verifisering av nye metodar/utstyr som skal implementerast i eininga
- Medverknad til vidareutvikling av eininga sine analysar
- Nytte ulike databehandlingsverktøy for analyse av molekylære resultat
- Rettleiing av studentar, kollegaer og andre i ulike prosjekt
- Halde seg orientert om eininga sine rutiner og drift
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan molekylærbiologi eller tilsvarande.
- Autorisasjon som bioingeniør vektleggast, men er ikkje eit krav
- Teoretisk og praktisk kunnskap om PCR-baserte metodar og/eller NGS
- Erfaring innan medisinsk molekylær mikrobiologi og/eller molekylær patologi vektleggast
- Erfaringar frå kvalitet- og utviklingsarbeid innan medisinsk mikrobiologi eller tilsvarande laboratorium vektleggast
- Kompetanse frå eller interesse for implementering av IVDR vektleggast
- Må beherske norsk godt for skriftleg og munnleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Evne til, og interesse for å motivere medarbeidarar til utvikling og endring
- Evne til å sette mål, planlegge, organisere, kome fram til og iverksette
- Evne og vilje til å jobbe sjølvstendig, systematisk og ta på seg ansvar
- Stor samarbeidsevne og evne til å skape gode relasjonar innad i avdelingane og på tvers av ulike fagmiljø
- Evne til å formidle kunnskap, legge fram resultat og dele viktig informasjon med andre
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i seksjonar med høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring innan akkreditert kvalitetssystem for mikrobiologi
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Stillinga vil vere løna 70% av Mikrobiologisk avdeling og 30% av Adeling for patologi. Administrativt vil stillinga ligge under mikrobiologisk avdeling. - Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeidsplass som er inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
- Sjukehuset kan hjelpe til med å skaffe bustad
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, Avdeling for Patologi, (+47) 918 06 787Torunn Ytreland, Seksjonsleiar, Mikrobiologisk avdeling, (+47) 482 63 891
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4714246902
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322642943
- Sist endret