Seksjonsleiar Laboratorium for patologi
Avdeling for patologi, Helse Førde
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Engasjert og målbevisst med evne til å motivere og inspirere?
På patologiavdelinga arbeider vi saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose fra patologen kan sei om pasienten har kreft eller ikkje, og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa, og frå primærhelsetenesta. Avdelinga deltek i utdanning, forsking og utvikling til det beste for våre pasientar. Utvikling i faget er spennande og raskt, der digitalisering og persontilpassa medisin no blir ein del av vår kvardag. Som leiar hos oss, vert du ein del av eit tett og godt fagmiljø med varierte arbeidsdagar.
Patologisk laboratorium består av fagområder histologi, cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi er opptatt av kvalitetssikring av tenestene og arbeider mot akkreditering etter ISO 15189 for laboratoriet. Seksjonsleiar har overordna ansvar for drift av seksjonen: fag, økonomi og administrasjon.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kysten og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekk seg frå kunst til konsertar.
Arbeidsoppgåver
- Leie dagleg drift i eigen seksjon i tråd med reglar og retningslinje i Helse Førde.
- Har overordna ansvar for at seksjonen driftast med god fagleg kvalitet mht prosedyrar, opplæring, undervisning, og kvalitetsarbeid.
- Planlegge og gjennomføre faglig aktivitet og utvikling på seksjonen etter avdelinga sine kvalitetsmål.
- Prioritere innkjøp av medisin teknisk utstyr og inventar i eige ansvarsområde i samarbeid med avdelingssjef
- Sørge for at HMS-arbeidet i seksjonen gjerast etter gjeldende lover og forskrifter
- Personalansvar for medarbeidarar i seksjonen
- Sørge for at seksjonen har tilstrekkeleg med forbruksvarer, og at lagring er forskriftsmessig
- Sørge for at avvikhåndtering og registrering foregår i henhold til prosedyrer
- Delta i drift ved behov etter avtale med avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Laboratorieerfaring innan medisinsk laboratorium. Søkjarar med annan relevant kompetanse vil bli vurdert.
- Høgare utdanning
- Relevant leiarerfaring eller leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring med kvalitets- og forbetringsarbeid er ønskjeleg
- Gode norskkunnskapar. Søkjarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg videregående skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller anna norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar
- Interesse for leiing og eit ønskje om å leie våre dyktige medarbeidarar
- Løysingsorientert; identifiserar problem, sjå det store biletet og søkje praktiske og fornuftige løysingar
- Lagspelar; utvikle gode relasjoner internt i avdelinga og våre samarbeidspartnarar
- Endringsvillig, nytenkjande og initiativrik
- Gode kommunikasjons- og fremstillingsevner.
- Personleg eigna, inklusive evna til å motivere og inspirere medarbeidere.
Vi tilbyr
- Spennande og motiverende fagmiljø i vekst og utvikling med fokus på leiing
- Du blir en del av eit viktig samfunnsoppdrag
- Individuelt leiarutviklingsprogram
- Fagleg og personleg utvikling
- Eit trygt godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med bustad, opplys om dette er ønskeleg
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, +47 91806787Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4711855572
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2024
Søknadsfrist: 20.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322639503
- Sist endret