Vikariat i inntil 245%: norsk, engelsk, samfunnsfag og historie
Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune
- Frist 18.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Grunna fleire barselpermisjonar og ein nyoppretta klasse, treng me fleire med på laget.
Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen. Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no
Det er ledig inntil 134% norsk, 44% engelsk 34% samfunnsfag og 33% historie. Stillingane gjeld undervisning for innføringsklassar, studieførebuande, yrkesfag og vaksenopplæring.
Nokre av gruppene er det behov i snarast, mens andre har oppstart frå 01.11.23 og 01.01.24.
Kvalifikasjoner
- Søkjar bør ha formell undervisningskompetanse i to eller fleire av dei utlyste faga og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning.
- Godkjend politiattest.
- Gode norskkunnskapar.
- Me legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Personlige egenskaper
- Ein tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.
- Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad.
- Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør.
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.
- At du har gode digitale ferdigheiter.
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over, og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer
Vi tilbyr
- Flotte undervisningsbygg og eit dynamisk kollegium.
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring.
- Ein vidaregåande skule med mange moglegheiter både for lærarar og elevar.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Hillesund, Avdelingsleiar norsk, 924 84 071, ole.martin.hillesund@skole.rogfk.noArbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4716443659
Stillingsprosent: 100, 45%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322597839
- Sist endret