Udlabu
Voss herad Udlabu
- Frist 25.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats. Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Om avdelinga:
Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. Udlabu har 20 einingar som har tilgang til fellesareal. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning der det bur personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Eininga har ca. 27 årsverk. Me har fokus på eit aktivit miljø og ein god heim for dei som bur på Udlabu
Me søkjer:
- 80-100 % fast stilling som fagarbeidar med relevant utdanning
- 80 % fast stilling som assistent med relevant erfaring
- Turnusarbeid med 4. kvar helg i langvakter eller 3. kvar helg i ordinære vakter
- 60-70 % fast stilling på natt som fagarbeider med relevant utdanning. Arbeid kvar 4.helg
Arbeidsoppgåver:
- Bistå bebuar i dagleglivets gjeremål
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering
- Skapa tryggleik og struktur
- Delta saman med bebuar på fritidsaktivitetar
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell, med fokus på brukardeltaking, aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
- Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål, trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande
- Alle som mottek tenester har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
- Du må kunna arbeida målretta, vera uthaldande og trygg
- Kunne tileigna deg ny kunnskap og lika faglege utfordringar
- Gode samarbeidsevne
- Løsningsorienter og positiv, ha eit ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Ha kjennskap til relevant lovverk. ( som assisten vil du få opplæring)
- Kunna nytta dataverktøy
- Kunna kommunisera skriftleg og munnleg på norsk
- Ei føremon med førarkort klasse B
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322545262
- Sist endret