Sjukepleiar
Medisinsk sengepost og poliklinikk, Lærdal sjukehus - Helse Førde
- Frist 18.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Lærdal sjukehus har ledig stilling for sjukepleiar på Medisinsk sengepost og poliklinikk:
- 40% fast stilling på Medisinsk poliklinikk kombinert med
- 60% vikariat på Medisinsk sengepost fram til 01.01.2025 - moglegheit for forlenging av vikariatet.
Dette er lyst ut som ei stilling og er ikkje tenkt å delast opp.
Stillinga vert delt mellom sengepost og poliklinikk, og inngår i avdelingane sin årsarbeidsplan med arbeid i snitt kvar tredje helg.
Sengeposten har 12 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. Dialysetilbodet er ope 6 dagar i veka.
Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar og infusjonspoliklinikk.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Meir informasjon om Lærdal kan du lese ved å klikka her.
Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Opplæring og rettleiing av studentar
- Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring frå arbeid på sengepost og poliklinikk er ein fordel
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Du er fagleg engasjert
- Du jobbar strukturert og målretta
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne-Malene Hande, Einingsleiar poliklinikk LSH, 477 52 466Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar sengepost LSH, 479 06 594
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4716050057
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322545187
- Sist endret