Gruppeterapeut/ behandler
Poliklinikk rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye gruppeterapeut i Poliklinikk TSB Ålesund?
Vi er i ferd med å vidareutvikle vårt gruppetilbod i Poliklinikk TSB og søker etter deg som ønsker å jobbe i gruppe og individuelt, og som har interesse og motivasjon for fagutvikling og kompetanseheving i eit tverrfagleg miljø. Du vil få moglegheit til å vere med å vidareutvikle og bygge opp gruppetilbodet som seksjonen tilbyr. Stillinga er ei behandlarstilling som inneber pasientbehandling både i gruppe og individuelt. Kva stillingstittel ein får, vil vere avhengig av kva utdanning/ bakgrunn ein har.
Poliklinikk TSB Ålesund er ein poliklinikk i Avdeling for Tverrfaglig spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal HF som består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmiddel, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi tilbyr både individuell behandling og behandling i gruppe. Vi gir også tilbod til pårørande. Vi er for tida 22 tilsette i seksjonen med medisinskfagleg, psykologfagleg og helse- og sosialfagleg bakgrunn.
Har du lyst på ein spennande og variert arbeidskvardag søker vi deg!
Arbeidsoppgåver
- Vere med å drive gruppetilbodet i seksjonen
- Koordinerings - og behandlingsansvar for pasientar med avhengighetsproblematikk
- Kartlegge, utgreie og delta i diagnostisering og behandling i pasientforløp
- Tett dialog med pasientar, pårørande, tilvisarar og aktuelle samarbeidspartnarar
- Bidra aktivt inn i det tverrfaglege behandlarteamet
- Vere ein aktiv bidragsyter i vår faglege utvikling av gruppetilbodet i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Bachelor i helse- og sosialfag, fortrinnsvis med klinisk vidareutdanning eller annan relevant vidareutdanning
- Psykolog/psykologspesialist er også relevant kompetanse for den aktuelle stillinga
- Ønskeleg med erfaring innan gruppebehandling og rus/psykiatri
Personlege eigenskapar
- God kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samhandlingsevner
- Fleksibilitet og engasjement
- Bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet på seksjonen
- At ein er personleg eigna til stillinga vert vektlagt
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ann Helen Eilertsen Midtlid, Seksjonleiar, 91851829, ann.helen.eilertsen.midtlid@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4712785372
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322540858
- Sist endret