Psykolog/psykologspesialist
Spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.10.2023
Er du psykologspesialist/psykolog med interesse for habilitering, så er vi den rette arbeidsplassen for deg.
Spesialisert habilitering NR gir eit tverrfagleg tilbod til personar frå 18 år med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidleg erverva tilstandar, skader i nervesystem eller bevegelsesapparat. Døme på tilstandar er tidleg erverva hjerneskade, syndrom som medfører kognitive vanskar, utviklingshemming, autismespekterforstyrringar, tidleg erverva nevrologiske skade eller sjukdom og nevromuskulær sjukdom. I arbeidet legg vi vekt på å ha ei heilskapleg tilnærming, der både individet og konteksten vert vurdert.
Seksjonen har til saman 20,5 stillingar og er tverrfagleg bemanna med lege, vernepleiar, psykolog, barnevernspedagog, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, spesialpedagog og helsesekretær. Alle tilsette har vidareutdanning innan ulike område relevant for fagfeltet habilitering.
Seksjonen har fire stillinger for psykologspesialist. Dei tre psykologane du får samarbeide med har spesialisering innan habilitering og klinisk psykologi, ei har fordjuping i rus og avhengighet. I tillegg til klinisk verksemd har psykologane stort fokus på utviklings- og kvalitetsarbeid.
Seksjonen er organisert i avdeling for sjukehuspsykiatri. Seksjonen held til i nye kontorlokale ved Årø flyplass i Molde og skal hausten 2024 flytte inn i det nye psykiatri- og habiliteringsbygget i SNR på Hjelset. Der vil vi bli samlokalisert med habilitering for barn og unge, noko vi ser fram mot.
Ein må rekne med ein del reise, hovudsakleg i kommunane i Nordmøre og Romsdal, i samband med ambulant verksemd. Startdato kan avtalast.
Arbeidsoppgåver
- Spesialisert utgreiing-, diagnostisering- og behandling, mellom anna:
- Tilrettelagt utgreiing av evne-nivå og ved behov meir utvida kognitiv testing
- Utgreiing av autisme og andre utviklingsforstyrringar
- Utgreiing av psykisk liding
- Fremje forståing for korleis pasientar kan leve eit godt liv med dei utfordringane dei opplever, fokus på meistring og livskvalitet
- Utadretta verksemd med rettleiing og rådgjeving til pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Pasient- og pårørandeopplæring
- Tverrfagleg samarbeid og deltaking i team, kompetansegrupper og andre aktuelle forum
- Deltaking i fagleg utviklings- og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog
- Det er ønskeleg med spesialisering innan klinisk psykologi, nevropsykologi eller habilitering
- Erfaring med målgruppa
- Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
- Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd
- Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg
- Må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må kunne tilpasse din kommunikasjon for å kunne samhandle med vaksne med kommunikasjonsvanskar og/eller kognitive funksjonsnedsettingar i utgreiing og behandling
- Du må kunne kommunisere med og inngå i samhandlingsprosessar med pårørande, tilsette i personalgrupper og det aktuelle nettverket til pasientar i målgruppa
- Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver sjølvstendig i poliklinisk og ambulant kontekst
- Du har gode evne til samarbeid, sans for ein diskusjon og humor
Vi tilbyr
- Eit spennande fagområde som er i utvikling
- Eit godt, stabilt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode samarbeidsrelasjonar med kommunar og einingar i spesialisthelsetenesta
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Spesialistutdanning
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling og samarbeid med erfarne kollegaer
- Fleksitidordning og sjølvstende i planlegging av eigne arbeidsdagar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV
Kontaktinformasjon
Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.noArbeidsstad
Eikremsvingen 2 D6422 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4701811805
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322533885
- Sist endret