Bli med oss på laget ! Autorisert sjukepleiar 80-100% stilling, vikariat
Heimetenesta, Sula kommune
- Frist 18.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, ca.20 min. å kjøre frå Moa. Avdelinga dekker området vest for Veddefabrikken.
Avdelinga har 22 årsverk og god fagkompetanse. For å dekke opp for lengre fråvære ser vi etter ein autorisert sjukepleiar frå snaras til ca.25.8.24, med mulighet for forlenging.
Arbeidstid frå 08.00-22.00, todelt turnus med arbeid kvar 3 helg.
Arbeidsoppgåver
Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe.
Du får arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane.
Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny. Ta gjerne ein telefon og avtal ein tur innom om du lure på om dette kan vere noko for deg.
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar med datakunnskapar og gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Forutan god faglige kvalifikasjonar ser vi etter ein stabil , fleksibel , tolmodig og pliktoppfyllande kollega med god framferd.
Du må like å arbeide med menneske med ulike utfordringar.
Du må vere ressurs og løysingsorientert , ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar.
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Krav om førarkort
Oppgje referanse
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning.
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår.
Eit godt arbeidsmiljø og god fagkompetanse
Gode arbeidslokale
Opplæring
Arbeidskle
Vi nyttar kommunale bilar i tenesta
Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar, 95710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.noTorunn Veddeng, Einingsleiar, +4795710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9B6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommuneReferansenr.: 4716356499
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2023
Sluttdato: 25.08.2024
Søknadsfrist: 18.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322519549
- Sist endret