Inaktiv
Overlege i patologi
Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for god kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø?
I så fall oppfordrar vi deg til å søke jobb hos oss.
Ved Avdeling for patologi Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi.
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal HF ligg i Norges vakraste by - Ålesund. Vi er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og røntgen.
Avdelinga gjer deg gode høve til fagleg utvikling og det blir lagt til rette for å kunne delta på relevante kurs. Tilsetting er ønska snarast, etter avtale med avdelingssjef.
LIS med kort tid igjen til spesialiteten blir også oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Vi mottar prøver frå spesialisthejsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal HF, og svarte i 2022 ut rundt 28.000 biopsiar, 20.000 cytologiprøver og 70 obduksjonar.
- Avdelinga har ikkje fag-spesialisering. Erfaring frå generell histologi- og cytologi-diagnostikk blir verdsett
- Alle overlegar deltek med supervisjon både på mikro- makro og obduksjon.
Kvalifikasjonar
- Vere godkjend spesialist i patologi i Norge (norsk autorisasjon), evt. vere i sluttfasen av spesialistutdanninga.
- Mestre norsk eller eit av dei andre skandinaviske språka (svensk eller dansk) godt, både skriftleg og muntleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Evne til å jobbe sjøvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
- Vilje til å medverke både til eigen og andre sin kompetanse
- God arbeidskapasitet
- Trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- At ein er personleg egna for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4715994474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322515395
- Sist endret