Psykolog/psykologspesialist i barne- og ungdomspsykiatrien i Ålesund
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å bli vår nye kollega?
Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Vi har i Ålesund ledig 100% stilling for psykolog/psykologspesialist frå 01.01.2024
Døgnseksjonen, akutt- og utrrdningseininga og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Ålesund er samlokaliserte. Du vil i perioden fram til 12.08.2024 hovudsakleg ha arbeidsstad ved akutt- og utgreiingseininga.
Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal.
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Arbeidsdagane på akutteininga er varierte både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og du vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Poliklinikken har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit småbarnsteam og eit akutt-ambulant team.
Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå https://www.visitalesund.com/
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering innan fagfeltet psykisk helsevern for barn og unge
- Arbeide med barn og unge, og familiane deira, som er i akutte kriser
- Øyeblikkeleg hjelp
- Fag- og kompetanseutvikling gjennom deltaking i behandlarmøter, miniteam-møter og undervisning
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt med våre samarbeidspartnerar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon eller lisens som psykolog/psykologspesialist
- Studentar på siste semester i profesjonsstudiet kan også søkje.
- For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
- Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
- Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
- Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Dagarbeid mellom 08.00 - 15.30 og inga vaktordning for kveld og helg.
- Rekrutteringstillegg for psykolog/psykologspesialist
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, 70106700, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.noArbeidsstad
Geilebergvegen 206017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4716234537
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2024
Søknadsfrist: 05.11.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322408818
- Sist endret