100% fast stilling som interkommunal kommunepsykolog med mogelegheit for todelt stilling, 50% interkommunal kommuneps...
Seljord kommune
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å påverke og utvikle framtidige helsetenester og folkehelse i fem kommunar i Vest-Telemark? Eller vil du arbeide innan Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) i Vest-Telemark?
Du kan søkje på stillinga som 100% fast interkommunal kommunepsykolog for kommunane Tokke, Nissedal, Fyresdal, Kviteseid og Seljord. Eller du kan søke på den todelte stillinga 50% interkommunal kommunepsykolog og 50% innan Rask Psykisk Helsehjelp. RPH omfattar også Vinje kommune.
Det er til saman to årsverk som interkommunal psykolog (inkl. RPH), der den eine stillinga er ledig frå 13.12.23. Både dei to psykologstillingane og RPH er organisera som vertskommunesamarbeid med Seljord kommune som vertskommune.
Samarbeidet i den interkommunale psykologtenesta er organisert med ei styringsgruppe på overordna nivå, og ei arbeidsgruppe samansett av fagansvarlege innan aktuelle tenesteområde som helsestasjon, psykisk helse, legetenester, barnevern og oppvekst i dei fem samarbeidskommunane. Kommunane har definert barn og unge som eit prioritert satsingsområde.
Opplys i søknaden din om du ynskjer 100% stilling som interkommunal kommunepsykolog eller om du ynskjer kombinasjonsstillinga 50% interkommunal psykolog i kombinasjon med 50% stilling i Rask psykisk helsehjelp.
Kommunepsykologane sitt ansvarsområde:
- å samordna tenesteutviklinga i dei fem kommunane
- vera med på plan - og utviklingsarbeid
- arbeidet med folkehelse, tidleg innsats og førebygging
- delta i tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
- delta aktivt i barne -- og ungdomsteam
- rettleie faggrupper og profesjonar, både dei som jobbar med barn, unge og vaksne i kommunane
- samarbeide med DPS, BUP og andre innanfor spesialisthelsetenesta
- samarbeide med skular og PPT
- klinisk arbeid i saker der det er vurdert av psykologen sjølv at det er formålstenleg
Prioritering og organisering av arbeidet vil gå føre seg i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane.
Psykologen i Rask psykisk helsehjelp sitt ansvarsområde:
- undervisningsbaserte kurs, rettleie ved assistert sjølvhjelp, behandlingsgrupper og individuell psykoterapi (mixed care-modell)
- kartlegging, vurdering og behandling
- samarbeide med lokale helsetenester
- betjene kontakttelefon
- differensialdiagnostikk m.o.t. målgruppevurdering
- fagleg kvalitetssikring
- rettleie kollegaer og samarbeidspartar ved behov
Vi tilbyr:
- utfordrande og spanande stillingar i tverrfaglege arbeidsmiljø på tvers av profesjonar og fag
- høve til å påverke og utvikle framtidige helsetenester og folkehelse i Vest-Telemark
- rettleiing, individuelt eller i gruppe
- kompetanseutvikling og deltaking i lokale nettverk
- dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns --og allmennpsykologi
- konkurransedyktig løn
- tilsetting på kommunale vilkår og god pensjonsordning gjennom KLP
- Psykbase som skybasert journalsystem
- bil til disposisjon i arbeidstida som interkommunal kommunepsykolog
Ønska kvalifikasjonar:
- psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering
- erfaring frå relevant kommunalt arbeid og/eller spesialisthelsetenesta
- erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- erfaring frå å rettleie helsepersonell på individ- eller gruppenivå
- for å arbeide i RPH er det ynskjeleg med utdanning i kognitiv terapi frå NFKT eller vilje til å gjennomføre denne utdanninga
Krav til søkjar:
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Godkjend politiattest før tilsetjing
- Førarkort klasse B
Det blir lagt vekt på fylgjande personlege eigenskapar
- positiv, motivert og engasjert medspelar med gode samarbeidsevne
- løysingsfokusert, fleksibel og evne til å jobbe sjølvstendig
- evne til å skape tillit og samhandling både med brukarar, samarbeidspartnarar og tilsette
- god evne til struktur, oversikt og gjennomføring
- evne og interesse for tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking
Stilling med lenke til elektronisk søknadsskjema er tilgjengeleg på www.seljord.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322396610
- Sist endret