100% fast stilling som ernæringskokk
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Tokke helsesenter har eige og godt utstyrt institusjonskjøkken. Hos oss har vi fem faste stillingar.
Det er no ledig ei 100 % fast stilling som kokk.
Kjøkkenet produserer heimelaga, næringsrik tradisjonsmat, supper og dessertar. Det blir servert 4 hovud måltid kvar dag, og i tillegg blir det servert mellommåltid. Maten frå kjøkkenet ved sjukeheimen er laga utifrå anbefalte retningslinjer frå Helsedirektoratet, og vi legg til rette for diettar og ulike typar ønskekost når bebuarane har behov for det.
Forutan mat til bebuarane, så produserer kjøkkenet mat til heimebuande og møtemat for kommunen.
Arbeidstida i stillinga er vekedagar mellom 07.00-15.00 og arbeid 3. kvar helg.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga, vi håper å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av middag, lunsj, dessert og diettar
- Ansvar for å følgje dei rutinar i IK-Matsystem som gjeld eige område
- Bruke dataprogrammet AIVO
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som ernæringskokk, eller er under utdanning.
Personlege eigenskapar
- Effektiv
- Sjølvstendig
- Positiv
- God på samarbeid
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Introduksjonsprogram for nye tilsette
- Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322396505
- Sist endret