Assistent/helsefagstudent - frå 16% til 26% fast
Alver kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har tre ledige helgestillingar frå 16% til 26% fast, og søkjer etter ein assistent eller ein helsefagstudent som ønskjer ei helgestilling ved sidan av studiet. Habiliteringstenesta er eit spanande fagfelt, og vi treng deg som brenn for å gjere ein forskjell. Vi har ledig fleire faste helgestillingar mellom 16 - 26%. Arbeidstida inneber arbeid kvar tredje helg med kortvakter eller kvar fjerde helg med langvakter.
Arbeidsoppgåver:
- Bistå og rettleia bebuarane
- Målretta miljøarbeid og gje praktisk bistand ut i frå den einskilde sitt vedtak og behov
- Sikre gode og trygge tenester
- Leggje til rette for aktivitetar
- Dokumentasjon i Profil
Om avdelinga
Habiliteringstenester er eit tenesteområde i Alver kommune, som yter tenester til mennesker som treng rettleiing, hjelp, opplæring og helsehjelp for at dei skal oppleve meistring og god livskvalitet.
Grønland bustader er heimen til fire personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg fagleg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde.
Kvalifikasjon
- Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
- God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Gode datakunnskap
Kven er du?
- Du er inspirerande og engasjert
- Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må vera ansvarsbevisst, løysingsorientert og påliteleg
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig
- Du må vera etisk reflektert
- Du må vera lojal mot beslutningar og tiltak
- Du må like utfordringar og ha evne til refleksjon rundt eigen arbeidsmetode
- Du må vera trygg på deg sjølv og initiativrik
Personlege eigenskapar vert vektlagt, samt korleis ein utfylle personalgruppa.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- God pensjonsordning
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Tiltreding etter avtale
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322376335
- Sist endret