Seksjonsleiar
Seksjon for operasjon Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.10.2023
Vi har ledig stilling som Seksjonsleiar på Operasjonsavdelinga ved Ålesund Sjukehus.
Den ledige stillinga er ei 100% fast stilling frå 01.01.2024 med fag og personalansvar for operasjonssjukepleiere, reinholdere og portører som er tilsett i seksjonen.
Operasjonsavdelinga er ein del av avdeling for akutt, operasjon og intensiv. Du samarbeider tett med avdelingssjef og leiargruppa i avdelinga.
Operasjonsavdelinga i Ålesund har om lag 5200 inngrep i året ulike fagområder fordelt mellom akutt og planlagde operasjoner. Det er planlagd ei ombygging og modernisering av operasjonsavdelinga i Ålesund der du i di stilling kan vere med på å utvikle gode løysingar for framtida.
Vi håpar akkurat du søker!
Ver venleg å laste opp dine attester og vitnemål i søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga.
- Du veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø og gode relasjonar med samarbeidande seksjonar.
- Du har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef og leiargruppa.
- Ein del av arbeidsoppgåvene er å reggje til rette for at arbeidet i seksjonen skjer i samsvar med fagleg standard og gjeldande kvalitetskrav, og leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling av seksjonen innan gitte rammer.
Kvalifikasjonar
Primært ønskjer vi ein operasjonssjukepleiar, men sjukepleiar med leiar utdanning/erfaring kan også søke. Erfaring frå, og god kjennskap til operasjonsavdelinga er ein fordel.
- Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Omstillingskunnskap og gjennomføringsevne
- Godt innsyn i pasientlogistikk knytt til pasientforløp
- Kjennskap til økonomi- og personaloppfølgjing
- Leiarerfaring kan vere ein fordel, men personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein leiar som er motivert for å arbeide med leiing i ein organisasin som er i kontinuerlig omstilling og endring
- Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt
- Synleg og tydelig for sine tilsette og for avdelinga
- Du er opptatt av, og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Målbevisst og resultatorientert
- Gode kommunikasjonssevner
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Elin K. Molvær Dybvik, Avdelingssjef, +47 70106344, Elin.K.Molver.Dybvik@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4709982569
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322371718
- Sist endret