Sterilforsyningsteknikar,fast stilling
Operasjonsavdeling Haugesund Sjukehus, Helse Fonna HF
- Frist 17.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig ei 50 % fast stilling som sterilforsyningsteknikar i operasjonsavdeling.
I utgangspunktet dagstilling, men det må påregnes enkelte vakter i ferieperioder.
Sterilforsyningsteknikare er organisert under Sterilforsyningsteknikk eininga, som igjen er ei eining innanfor Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling i kirurgisk klinikk.
Eininga er organisert på ein slik måte at det er ønskeleg at tilsette kan vera fleksible innanfor fleire funksjonsområde i eininga.
Arbeidsoppgåver
- Alle oppgåver knytta opp mot sterilforsyningskjeda, slik som reingjering av operasjonstovene,reingjering, desinfeksjon, pakking og sterilisering av instrument til både anestesi og operasjon og anna utstyr brukt i sterile prosedyrar.
- Logistikk, lagerhald, transport, kvalitetssikring av sterile instrumenter og anna utstyr.
Kvalifikasjonar
- Utdanning i sterilforsyningsteknikk og smittevern.
- Teknikar som er igang med slik utdanning kan også søkje.
- Dersom vi ikkje får søkjarar med relevant utdanning, vil søkjar med erfaring frå liknande arbeidsoppgaver på sjukehus vere aktuelle. Då må søkjaren kunne ta utdanning i sterilforsyningsteknikk og smittevern så fort det lar seg gjere.
- Det vil bli sett krav om at utdanninga blir fullført innan rimelig tid.
- Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
Eininga bygger på teamarbeid, og vi ønskjer derfor ein medarbeidar som er:
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Fleksibel og strukturert
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg og aktivt team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Jorunn M. Hansen, Funksjonsleiar, 41863514Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4715626612
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322358251
- Sist endret