Vedlikehaldsingeniør
Tussa
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Tussa Energi har ansvaret for planlegging, utbygging og drift av energiproduksjonsanlegg i Tussakonsernet. Selskapet driftar i dag 29 vasskraftverk og har 1 under utbygging. I tillegg til vasskraftproduksjon driv Tussa Energi AS eit biobrenselanlegg. Fjernvarme frå Ørsta Eldhus forsyner 16 bygg i Ørsta sentrum med varme.
Om stillinga
Vi leitar etter ein engasjert, handlekraftig og strukturert medarbeidar som viser engasjement, tek initiativ og deler erfaring. Du samarbeider gjennom involvering, er raus og har godt humør.
Den nye medarbeidaren vil bli ein del av avdelinga vår for kraftverksdrift som består av 10 kompetente medarbeidarar.
Viktige arbeidsoppgåver vil vere:
- Planlegge og utføre vedlikehaldsoppgåver innan kraftverksdrift
- Pådrivar i arbeidet med kontinuerleg forbetring og digitalisering
- Kontakt med eksterne leverandørar og oppfølging av leveransar
- Planlegge og utføre lovpålagte tilsyn og revurderingar av vassdragsanlegg saman med VTA
- Interesse for digital utvikling og overvaking
Kvalifikasjonar
- Ingeniør eller teknisk fagskule innan mekaniske fag. Kandidatar med relevant fagbrev og erfaring vert også oppmoda om å søkje.
- God kompetanse i bruk av dataverktøy (vedlikehaldsprogram m.m)
- Gode norsk- og engelsk-kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Fysisk form til å ferdast i vårt alpine terreng
- Førarkort klasse B
- Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt energi- og kommunikasjonskonsern
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Fleire opplysningar om stillinga får du på telefon 916 96 095 hos avdelingsleiar kraftverksdrift Svein Vassbotn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322280449
- Sist endret