Fagkonsulent IT, Krafthandel
Tussa
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet planlegg, bygg ut og driv kraftverk, samt kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. Tussa Energi driv og held ved like 29 kraftverk og eit biobrenselanlegg. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 20 tilsette.
Spennande stilling i krafthandelsavdelinga
Tussa vil styrke krafthandelsmiljøet og søkjer etter deg med solid IT kompetanse og bakgrunn frå prosessflyt/programmering/software. Du vil inngå i teamet saman med produksjonsplanleggjar, trader og analytikar i tillegg til avdelingsleiar. Du vil vere ein ressurs for heile avdelinga og må kunne samarbeide godt på tvers. Medarbeider blir involvert og må kunne gå inn i teamet i samband med beredskap og backupfunksjonar utanfor eige ansvarsområde.
Mykje av arbeidet vil vere knytt til digitalisering og automatisering innan prognosar og krafthandel samt tilhøyrande aktivitetar. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere:
- Digitalisering/automatisering
- Bruk av maskinlæring/KI
- Implementering av algoritmehandel
- Prosessutvikling, betre dataflyt mellom ulike fagsystem
- Kontaktpunkt og samhandling med aktuelle programvareleverandørar
- Dokumentasjon av prosedyre og eige arbeid
- Balanseavrekning for krafthandel
Kvalifikasjonar
- 3-5 år med høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Programmeringskunnskap
- Gode norsk og engelskkunnskapar; både skriftleg og munnleg
- Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode velferds -, pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
For fleire opplysingar kan du kontakte avdelingsleiar Krafthandel; Tor Wilhelm Havåg på mobil 91 85 25 47 eller Anders Eidså ingeniør Kraftverksseksjonen 93 26 32 42.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322275780
- Sist endret