Sivilingeniør Maskin
Tussa
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Tussa Energi AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet planlegg, bygg ut og driv kraftverk, samt kjøper og sel kraft i kraftmarknaden. Tussa Energi driv og held ved like 29 kraftverk og eit biobrenselanlegg. Vi står føre ein periode med mange oppgraderingsprosjekt av dammar,vassvegar og kraftstasjonar i tillegg til nybygg. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har om lag 20 tilsette.
Om stillinga
Vi leitar etter ein engasjert, handlekraftig og strukturert medarbeidar som viser engasjement, tek initiativ og deler erfaring. Du samarbeider gjennom involvering, er raus og har godt humør.
Det er ein fordel om du er godkjent VTA, men ikkje krav då slik utdanning vil bli gitt. Den nye medarbeidaren vil bli ein del av vår bygg/VTAgruppe som har tre erfarne prosjekt/VTA ingeniørar.
Viktige arbeidsoppgåver vil vere:
- Prosjektutvikling, prosjektering, prosjektleiing knytt til nye og oppgraderingsanlegg
- Rådgjeving i vedlikehaldsprosjekt
- Fagansvarleg maskin
- Pådrivar i arbeidet med kontinuerleg forbetring og digitalisering
- Utarbeiding av tekniske førespurnader, evaluering av tilbod og kvalitetsoppfølging
- Planlegge og utføre lovpålagte tilsyn og revurderingar av vassdragsanlegg (VTA)
- Interesse for digital utvikling og overvaking (maskinlæring/monotorering/analyse)
Kvalifikasjonar
- Sivilingeniør maskin (lang relevant erfaring kan kompensere for manglande mastergrad)
- Relevant erfaring frå kraftproduksjonsmiljø med vekt på turbinar og vassvegskomponentar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- God brukarkompetanse på administrative IT-system, gjerne med vedlikehaldsprogram
- Gode leiareigenskapar innan prosjekt- og teknologileiing
- Gode norsk- og engelsk-kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Fysisk form til å ferdast i vårt alpine terreng
- Førarkort klasse B
- Av omsyn til kjønnsbalansen i selskapet oppmodar vi kvinner til å søkje
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt energi- og kommunikasjonskonsern
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Fleire opplysningar om stillinga får du på telefon 91 51 69 05 hos kraftverkssjef Terje Myklebust
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322275777
- Sist endret