Helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent - 16 % fast helg
Alver kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig helgestilling til deg som er helsefagarbeidar eller sjukepleie/vernepleiestudent. Stillinga er på helg og inneber arbeid fredag kveld, laurdag og sundag. Du vel sjølv om du vil ha 13 % stilling med arbeid laurdag og sundag kvar tredje helg, eller 16 % stilling, då er det i tillegg fredag kveld kvar 6. veke.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Som tilsett hos oss vil du ha oppgåver som hjelp til personleg hygiene, påkleding, forflytting og måltider. Du vil oppleve at kvardagen hos oss er varier, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø, og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring.
Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Om avdelinga
Avdeling Lindås heimeteneste har base på Lindås bu- og servicesenter, og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Sjukepleie-/vernepleiestudent
- Førarkort klasse B
Personar utan helsefagleg kompetanse kan og søkje på stillingane. Det er ein fordel om du er i utdanning innan sjukepleie eller vernepleie.
Kven er du?
Du trivst med å arbeide sjølvstendig, er løysingsorientert og fleksibel. I tillegg har du evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga, og har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322257547
- Sist endret