Helsefagarbeidar - 100 % fast
Alver kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig 2x100 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 06.12.2023. Stillingane går i todelt turnus, med arbeid i snitt kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta yter tenester til brukarar som bur i eigen heim eller i Skrenten omsorgsbustad. Tenestene omfattar mellom anna heimesjukepleie, heimehjelp, middagsombringing og administrasjon av medisinar. Det er krav til dokumentasjon i Profil av tenestene ein gjev. Arbeidet i heimetenesta fordrar at ein jobbar tverrfagleg til beste for brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Om avdelinga
Avdeling Lindås Heimeteneste har base på Lindås bu og Servicesenter og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten. Skrenten er ein døgnbemanna omsorgsbustad for eldre som ikkje lenger kan bu aleine, men treng døgnkontinuerlig tilsyn.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar
- Førarkort klasse B
Kven er du?
• Du er inspirerande og engasjert
• Du kan prioritera i ein travel kvardag
• Du har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
• Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
• Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
• Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
• Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322250410
- Sist endret