Barnehagelærar
Fogn oppvekstsenter, Stavanger kommune
- Frist 19.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du utdanna barnehagelærar og ønsker å vere med å forme framtida? Er du ein varm og tydeleg vaksen som vil møte barna våre kvar dag? Liker du å samarbeid med andre i team? Då bør du søke stillinga som pedagogisk leiar i barnehagen på Fogn oppvekstsenter.
På grunn av endringar i tal på barn i barnehagen, har vi behov for å auke den pedagogiske leiinga så snart som råd.
Barnehagen på Fogn har ei avdeling med 3 små barn og 10 store barn. Barnehagen ligg sentralt på øya Fogn i Ryfylke med landlege omgjevnadar og unike muligheiter til aktivitetar ute. Pr. i dag er vi ute to dagar i veka, der vi m.a. bruker Robin Hood-skogen og naturen rundt til leik og pedagogisk aktivitet. Som pedagogisk leiar 2 vil du, i samarbeid med dei andre tilsette, vere med å forme barnehagen sin kvardag og det pedagogiske innhaldet.
Barnehagen er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg. Samarbeid mellom barnehage og skule er prioritert. Leik, nysgjerrighet og glede er satsingsområdet vårt. Dette året har vi stort fokus på leik.
Vi har eit godt rutetibod, noko som gjer det mogleg å pendle med huritgbåt frå byen og/eller med ferje frå Judaberg. Pr. idag er reise med hurtigbåt og ferje gratis.
Arbeidsoppgaver
Samarbeide i team med den andre pedagogen om det pedagogiske innhaldet i barnehagen.
Planlegge og gjennomføre arbeidet på avdelinga.
Ansvar for å gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.
Arbeide i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy.
Bidra til utvikling og kompetanseheving
Samarbeide med føresette, tilsette og leiinga.
Kvalifikasjoner
Utdanning som barnehagelærar.
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
Kjennskap til digitale ferdigheiter er ein fordel.
Personlige egenskaper
Du er ein varm og trygg vaksen med god sosial kompetanse.
Du liker å samarbeide.
Du har godt humør og liker å leite etter gode løysingar.
Du liker travle dagar og er ansvarleg og fleksibel.
Du vil vere med på å skape ein triveleg arbeidsplass.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og tilsette som liker å vere i aktivitet og leik saman med barna både ute og inne.
Barnehagen ligg tett på naturen og vi har god plass.
Du gis høve til rettleiing og fagleg utvikling.
Stillingskode: 763700, lønn etter ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Hilde Folkvord JuulArbeidssted
Fv6074164 Fogn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger kommuneReferansenr.: 4704388020
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322250329
- Sist endret