Morsmålslærar/morsmålsassistent ukrainsk/russisk
Bremnes ungdomsskule, Bømlo kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med i eit team som ønskjer velkommen til nye minoritetsspråklege elevar?
Bremnes ungdomsskule skal gje tilbod til elevar frå språklege minoritetar opplæring på morsmålet. Me har no ei auke i elevar som treng dette og søker difor etter morsmålslærar/morsmålsassistent i ukrainsk/russisk. Den som vert tilsett vil jobbe tett saman med lærarar i innføringstilbodet vårt og vere del av eit team som skal ivareta elevane.
Stillinga vil vere minimum 50% med moglegheit for auka storleik til 70%. Oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
- Gje elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn særskild norskopplæring etter opplæringslova, §2-8
- Veilede elevar med minoritetspråkleg bakgrunn slik at skuledagen blir meir meiningsfull, både fagleg og i samhandling med andre elevar
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha dokumentert gode norskkunnskapar tilsvarande norsk skriftleg og munnleg på nivå B1 eller høgare
- Det er ønskjeleg at du har erfaring i arbeid med barn og unge
For tilsetjing som morsmålslærar gjeld:
- Godkjent lærarutdanning
Lærarutdanning frå utlandet må vera godkjent av NOKUT. I tillegg må yrkeskvalifikasjonar frå utlandet vera godkjent av Utdanningsdirektoratet.
For tilsetjing som morsmålsassistent gjeld:
- Barne- og ungdomsarbeidarutdanning eller tilsvarande utdanning er ein fordel
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Er raus, modig og engasjert
- Er venleg og har god omstillingsevne
- Ser ressursane til den einskilde elev og samstundes kan bygge gode, inkluderande fellesskap
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar:
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Kontaktinformasjon
Christin Klubben, Rektor v/Bremnes ungdomsskule, +47 957 74 456, Christin.Klubben@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Idrettsvegen 915430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4714274700
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322245334
- Sist endret