Psykologspesialist
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus, Helse Fonna HF
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst å arbeide med vaksenpsykiatri i eit godt og fagleg utviklande miljø? I ein stilling som innebærer varierte oppgåver og der du arbeider tverrfagleg.
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus er eit sjukehus i ei spennande utvikling. Avdelinga består av fire døgnpostar og ein poliklinikk. Akuttpost, psykosepost, sikkerhetspost, sikker/rehabilitering og ambulant sikkerhetsteam. I denne stillinga vil du vere ein del av eit tverrfagleg behandlingsteam med psykologar, legar, sosionomar, sjukepleiarar og miljøterapeutar.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og testing
- Behandling og oppfølging av innlagte pasientar
- Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse)
- Vere del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten
- Rettleie psykologar i spesialisering
- Rettleiing av studentar og anna helsepesonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Psykologspesialist (klinisk voksen) / evt psykolog
- Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel
Utdanningsretning
- Psykologi
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og engasjert
- Tålmodig og evne til å knytte relasjon
- Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med gode mogleheiter til å få bruke seg sjølv fagleg gjennom varierte og utfordrande kliniske problemstillingar.
Helse Fonna ynskjer å legge til rette for høg fagleg standard og kompetanseutvikling for den enkelte tilsette. Som psykolog tilsett i Helse Fonna har ein eit fast kursbudsjett med tanke på spesialisering. For godkjente spesialistar har ein kursbudsjett for vedlikehald av spesialiteten.
Valen sjukhus ligg i naturvakre Sunnhordland/Hardanger med fjord og fjell og rikeleg moglegheiter for frilufstliv både på sjø og fjell. Velferdslaget har hytter som tilsette kan nytte. Gode oppvekstvilkår for barn med skule og barnehage . Regionssenteret Husnes ligg like i nærleiken med service og handlesenter. Regionen kan i sommarhalvåret by på eit rikt kulturtilbod med Baroniet i Rosendal i nærområdet.
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle
mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt
eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa
i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Marianne Lund Anderssen, Seksjonleiar, (+47) 53466407Arbeidsstad
5451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4683374704
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 29.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322213162
- Sist endret