Pedagogiske leiarar - vikariat ved Giske barnehage
Giske kommune, barnehage
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Det er ledig vikariat i 100 % stilling som pedagogisk leiar ved Giske barnehage frå 07.12.2023 - 31.07.2024.
Barnehagen har tre avdelingar med omlag 55 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur.
Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.
Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å planlegge, gjennomføre og utvikle prosjekt i tråd med barnehagen sin årsplan og den nye rammeplanen
- Ansvar for å leie og rettleie personalet
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærarutdanning
- Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar
- Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar
- Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel
- Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing
- Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Utfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø
- Fokus på tverrfagleg samarbeid
- Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
- Konkurransedyktig løn
Kontaktinformasjon
Elias Martinus Valderhaug, einingsleiar, 91313027Arbeidsstad
Bedehusvegen 16052 Giske
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4713251806
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322195262
- Sist endret