2 x Psykolog/psykologspesialist
Livsløp Haram, Ålesund kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune.
Ønsker du å bidra til å bygge ei ny kommune ? Ønsker du ei stilling med stort handlingsrom, fleksibilitet og med tett tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer ? Ressursbasen i Haram har ledig 2 x 100 % stilling for psykolog/psykologspesialist. Ressursbasen er ei teneste i kommunalområdet Livsløp og vi vil gjerne ha med deg som psykolog/psykologspesialist i det tverrfaglege teamet vårt.
Hovudoppgåvene våre i Ressursbasen er foreldrerettleiing, familieterapi og oppfølging av barn og unge i høve psykiske helseutfordringar. Vi jobber fleksibelt og saman med familien finn vi eigna tilbod med utgangspunkt i dei utfordringane dei står i. Foreldre, ungdom sjølv, eller andre som er i kontakt med desse kan henvende seg til oss. Som psykolog/psykologspesialist vil ein også bidra inn mot andre tenester i kommunalområdet gjennom helsefremmende og førebyggande arbeid, tidleg intervensjon, samt behandling og oppfølging av psykiske helseproblem og/eller rusproblem. Dette gjeld enkeltindivid, familiar, pårørande, grupper og lokalmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Lavterskel kartlegging og behandling til barn, ungdom og deira familiar
- Psykisk helsetenester til vaksne
- Tverrfagleg arbeid på individ- og systemnivå
- Bidra i arbeid med intern fag og kompetanseutvikling
- Utadretta helsefremmande arbeid med rettleiing, undervisning og kurs
- Andre oppgåver kan leggast til stillingane med utgangspunkt i kommunen sine behov og søkaren sin kompetanse
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning/ autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
- Erfaring frå kommunehelseteneste eller spesialisthelsetenste er ønskeleg
- Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helse/ rus er ønskeleg
- Erfaring frå arbeid med tidleg intervensjon og tverrfagleg samhandling er ønskeleg
- Gyldig politiattest og førarkort
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Vere fleksibel, samtidig ha evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Interesse og forståelse for lagspel og tverrfagleg samhandling
- God arbeidskapasitet
- Møte faglege utfordringar med ei løysingsorientert innstilling
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Fleksitidsordning
- Ei spanande stilling med mulighet for å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i ei ny kommune
- Kompetente kollegaer i eit aktivt og engasjerande arbeidsmiljø
- Mulighet for personleg og fagleg utvikling
- Mulighet for deltaking i psykolog-nettverk
- Evt. tilrettelegging for gjennomføring av spesialistgodkjenning
- Konkuransedyktig løn
- Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Laila Grytten, Tenesteleiar Ressursbase, 412 48 725, laila.grytten@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4712515019
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.01.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321769989
- Sist endret