Inaktiv
Spesialkonsulent/konsulent innbyggarservice Haram kommune
Haram 2024, Ålesund kommune
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Haram kommune - Vil du vere med å bygge ein ny kommune?
Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune. Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og jobbe på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsstad vil vere tenestehuset i Brattvåg, med oppstart i stillinga frå 01.01.2024.Innbyggarservice er i hjartet av tenestehuset i Brattvåg, og som medarbeidar er du ofte den første ein møter dersom ein tek kontakt med kommunen.
Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab, og du vil arbeide tett i lag med øvrige stab– og fagtenester i Haram. Det vil vere fire medarbeiarar i innbyggarservice.
Arbeidsoppgåver
- Du har medansvar for den daglege drifta ved innbyggarservice i Haram
- Du skal legge til rette for møte, formidle informasjon og gi rettleiing til innbyggjarar innanfor dei fleste kommunale tenestene.
- Du vil arbeide med mellom anna sakshansaming, vere sekretær for ulike råd i kommunen, sentralbord og andre tenester som blir lagt til fagområdet
- Du vil saman med fleire ha eit medansvar for kommunen si nettside og intranettside. Arbeidet inneber utstrakt bruk av digitale verktøy.
- Andre oppgåve kan kome til.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning, relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet.
- Kompetanse/erfaring med IKT-verktøy og digitalisering.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskapar.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Er kontaktskapende og imøtekomande.
- Evner å ha "fleire ballar i lufta"
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god rolle- og systemforståing
- Er fleksibel, handterer å stå i endring, kan løyse oppgåver saman med andre.
- Har godt humør og positiv framtoning.
Det vert lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein ny og innovativ kommune.
- Høve til personleg og fagleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Petter Sortevik, Stabssjef, 954 79 474, Petter.Sortevik@alesund.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4712592992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321740605
- Sist endret