Rådgjevar
Haram 2024, Ålesund kommune
- Frist 16.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Haram kommune - Vil du være med å bygge ein ny kommune?
Vi søker etter deg som ønskjer å gå inn i ei spennande stilling som HR-rådgjevar i Haram kommune.
Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune. Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og jobbe på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Arbeidsstad vil være tenestehuset i Brattvåg, med oppstart i stillinga frå 01.01.2024.
Som HR-rådgjevar ligg du organisert i fagområde HR, i kommunedirektøren sin stab. Fagområde blir leia av HR-sjefen. Det er to dedikerte ressursar knytt til HR. Fagområde skal både ivareta strategisk HR og HMS og gje støtte innan HR til kommunalområder og tenesteområda i deira utøving av arbeidsgivarrolla.
Arbeidsoppgåver
Du vil som HR- rådgjevar gje generell og/eller spesiell støtte til kommunen sine tenesteområde innan arbeidsgivarområdet.Du vil gje støtte og råd til leiarar i utøvinga av den lokale arbeidsgivarrolla, derunder personalsaker, organisasjonsendringar, tariffmessige og arbeidsrettslige forhold, rekruttering, arbeidsmiljøutvikling, og generelle HR-saker forøvrig.
Du vil og delta i felles fagleg utviklings- og forbetringsarbeid innan HR-området.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, helst på mastergrads nivå. Utdanning innan HR, administrasjon og leiing, rettsvitskap m/arbeidsrett, organisasjonspsykologi e.l. er aktuelle studieretningar.
- Relevant erfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav.
- God kunnskap om og bruk av relevant lov- og avtaleverk
- God IKT kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide med menneske og har høg serviceinnstilling.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, og vere løysningsfokusert.
- Stillinga krev at du har gode samarbeidsevner.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
- Som rådgjevar bør du vere strukturert og analytisk.
- Du har god arbeidskapasitet og er utviklingsorientert.
Vi tilbyr
- Interessante, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Gode kollegaer som vil gi støtte og gode råd.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God pensjonsordning.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Knut Marton Leine, HR-sjef Haram kommune, 911 88 651Petter Sortevik, Stabssjef, 954 79 474, Petter.Sortevik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4712551023
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321740505
- Sist endret