Sjukepleiar 100% vikariat Holstoppen korttidsavdeling
Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
På Holstoppen korttidsavdeling er det ledig eit 100% vikariat som sjukepleiar i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga vert ledig på grunn av at ei av våre dyktige sjukepleiarar skal ut i svangerskapspermisjon.
Er du på jakt etter ein jobb i ei aktiv avdeling med spennande arbeidsoppgåver og gode kollegaer? Då er Holstoppen rette arbeidsplassen for deg!
Holstoppen er ei korttidsavdeling med 9 brukarar. Diagnoser, utfordringar og alder på brukarane er ulike, men dei har alle behov for fagleg sjukepleiekompetanse, trening og omsorg som gjer at dei opplever mestring, tryggleik og livskvalitet. Holstoppen korttidsavdeling er på Spjelkavik omsorgssenter og har eit nært samarbeid med Kollen rehabiliteringsavdeling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av brukarane
- Medverke til ein helsefremmande, aktiv og meiningsfull kvardag for brukarane
- Oppfølging av dokumentasjon og primæroppgåver
- Tett samarbeid med pårørande, og interne og eksterne tenesteytarar
- Delta aktivt i veiledning og opplæring av personell, brukarar og pårørende
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning innan geriatri/demens
- Du må beherske godt norsk skriftleg og munnleg. Krav om dokumentert norskkompetanse Nivå B2 på Europarådets nivåskala for språk for alle framandspråklege søkarar
- Du har god datakompetanse
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Du er trygg, tydeleg og engasjert i sjukepleiefaget, og set brukaren i fokus
- Du medverkar til utvikling av gode tenester
- Du er løysningsorientert, fleksibel og likar nye utfordringar
- Du er komfortabel med å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du er ein god kollega som medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter tariff
- Tilsetting i ei IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Linda Rønnestad Selbervik, Avdelingsleiar, 408 09 821Arbeidsstad
Olav Sundes veg 26018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4710935462
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 12.02.2024
Søknadsfrist: 22.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321736393
- Sist endret