Kreftsjukepleiar/Sjukepleiar
Kreftbehandling og palliasjon Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 15.10.2023
Har du lyst til å arbeide i eit spanande fagmiljø? Då er dette ei unik moglegheit for deg.
Kreftpoliklinikken ved Molde sjukehus søkjer etter ny kollega som jobbar forskningsbasert, engasjert og syner respekt for menneskeverdet. Det er ein fordel at du har jobba med kreftpasientar, eller har vidareutdanning i kreftsjukepleie, men det er ikkje eit absolutt krav. Det vil bli gitt god opplæring.
Vi har no ledig ei 100% stilling som Kreftsjukepleiar/sjukepleiar, der 70% er fast og 30% er eit vikariat. Stillinga er ledig frå 1.1.24 og vikariatet er ledig eitt år med gode høve til forlenigng.
Kreftpoliklinikken i Kristiansund og Molde har felles seksjonsleiar og tilsette hjelper kvarandre ved fråvær og ferieavvikling. To poliklinikkar skal bli til ein når sjukehuset på Hjelset er ferdig. Vi har eit særs godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi går en spanande framtid i møte med innføring av Helseplattformen og en digital utvikling som gir ein unik moglegheit til innovasjon.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Ved intern omrokkering, kan det bli ledige andre stillingsbrøkar.
Fint om du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden din.
vi ser fram til å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Medikamentell kreftbehandling
- Oppfølging av biverknader i behandlingsperioda
- Digital oppfølging- forebu til behandling
- Heilheitleg tilnærming til pasientar og pårørande
- Tverrfagleg samhandling internt på sjukehuset
- Samarbeid med dei andre kreftpoliklinikkanen i fylket
- Samhandling med kommunehelsetenesta
- Ansvar for å halde deg oppdatert innen fagområdet og det siste innan forskning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav
- Vidareutdanning i kreftsjukepleie kan vere ein fordel
- Beherske norsk muntleg og skriftleg godt
- Erfaring med kreftbehandling /cytostatika/immunterapi
- Erfaring med Hematologiske pasientar
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, men har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og kan handtere hektiske arbeidsdagar
- Du er ansvarsbevisst
- Du har god skriftleg framstillingsevne
- Du er positiv, nytenkande og endringsorientert
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ragnhild Bjerkås, Seksjonsleiar, +47 71122374, Ragnhild.Bjerkas@helse-mr.noArbeidssted
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4710058929
Stillingsprosent: 70, 30%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.01.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321717397
- Sist endret