REKNESKAPSFØRAR
Ask Administrasjon AS
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ask Administrasjon AS er eit lite rekneskapsselskap som tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi starta verksemda i 2020 og har auka etterspurnad om oppdrag frå ulike bransjar. Vi er medlem i Regnskap Norge og har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag, fordi vi er opptekne av at kundane våre skal få tenester som er best mogleg tilpassa deira behov.
Vi ønskjer å tilsette ein statsautorisert rekneskapsførar eller ein økonomiutdanna med ambisjonar om å få statsautorisasjon som rekneskapsførar.
Det er også ønskjeleg at du:
- har jobba med faget og har erfaring med årsoppgjer og skattemelding
- har god systemforståing og datakunnskap
- er sjølvstendig, men også ein god lagspelar
- toler travle periodar og er påpasseleg med tidsfristar
- likar kundekontakt og tek ansvar for å skape gode kunderelasjonar
- er engasjert og vil vere med på å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø
Vi kan tilby deg:
- fleksibel arbeidstidsordning
- ei spanande og variert kundeportefølje
- tilbod om etterutdanning, kurs og konferansar
- gode arbeidsfasilitetar og løn etter avtale
Finn vi den rette personen, kan det verte aktuelt med deleigarskap i selskapet.
Arbeidsstad er Volda - midt i hjartet av Søre Sunnmøre med fjordar, fjell og eit rikt kultur- og næringsliv.
Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kontaktar du dagleg leiar Ragne Ørstavik Sørheim. På grunn av GDPR skal du ikkje sende personsensitive opplysningar utan nærare avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321695054
- Sist endret