KVALITETSANSVARLEG REKNESKAPSRÅDGJEVAR
Ask Administrasjon As
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Ask Administrasjon AS er eit lite rekneskapsselskap som tilbyr rekneskapstenester, administrative tenester og rådgjeving til små bedrifter. Vi starta verksemda i 2020 og har auka etterspurnad om oppdrag frå ulike bransjar. Vi er medlem i Regnskap Norge og har samarbeidsavtale med Noregs Bondelag, fordi vi er opptekne av at kundane våre skal få tenester som er best mogleg tilpassa deira behov.
Stillinga er nyoppretta og skal ha eit særleg ansvar for at våre system og rutinar sikrar god kvalitet. Det medfører m.a. ansvar for å forbetre, utvikle og gi opplæring til teamet vårt. Det er pårekna at du vil vere oppdragsansvarleg for kundar. Stillinga krev at du er statsautorisert rekneskapsførar.
Til stillinga ønskjer vi at du:
- har jobba med faget og har erfaring med årsoppgjer og skattemelding
- har god systemforståing og datakunnskap
- er sjølvstendig, men også ein god lagspelar
- toler travle periodar og er påpasseleg med tidsfristar
- kommuniserer godt og tek ansvar for å skape gode relasjonar
- er engasjert og vil vere med på å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- fleksibel arbeidstidsordning
- spanande og variert kundeportefølje
- tilbod om etterutdanning, kurs og konferansar
- gode arbeidsfasilitetar og løn etter avtale
Finn vi den rette personen, kan det verte aktuelt med deleigarskap i selskapet.
Arbeidsstad er Volda - midt i hjartet av Søre Sunnmøre med fjordar, fjell og eit rikt kultur- og næringsliv.
Om du tenkjer at dette kan vere noko for deg, kontaktar du dagleg leiar Ragne Ørstavik Sørheim. På grunn av GDPR skal du ikkje sende personsensitive opplysningar utan nærare avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321694894
- Sist endret