Helsesjukepleiar 100 % stilling
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå dags dato.
Skjåk kommune har ledig 100% fast stilling som helsesjukepleiar frå dags dato. Stillinga er for tida ved helsestasjonen saman med legekontor og jordmor. Vil du arbeide som helsesjukepleiar i ei teneste i stor utvikling, og brenn du for arbeid med barn, unge og deira familie? Da er truleg du den rette for oss.
Du vil bli ein del av Lom og Skjåk helsestasjon som var slått saman frå 1. januar 2023. Helsestasjon er stadig i utvikling og du vil bli ein del av eit kollegium som er engasjerte, løysingsorienterte og arbeider til det beste for barn og unge.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som helsesjukepleiar jf. nasjonalfaglege retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
- Arbeide med helsefremjande og førebyggjande arbeid på individ, gruppe og samfunnsnivå
- Delta i tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsesjukepleiar
- Anna høgskuleutdanning, som jordmor, kan bli vurdert om vi ikkje får søkjarar som fyller nemnde krav over
- God norskkunnskap både munnleg og skriftleg, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg at du
- har erfaring frå helsestasjon/skulehelseteneste
- er sertifisert i/har god kjennskap til COS-P, PMTO, TIBIR, Tuning in to teens, ICDP eller andre foreldrerettleiingsmetoder
- er personleg og fagleg trygg
- har eit ønskje om å utvikle deg sjølv og faget
- kan kommunisere godt med både barn og vaksne
- er strukturert, jobbar sjølvstendig og ser verdien av å samarbeide
- har gode samarbeidsevner
- har engasjement for målgruppa til helsestasjonen
- er positiv og ser gode løysingar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Eli Skjåk Teigum tlf. 902 41 735.
Søknadsfrist 22. oktober 2023
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321666163
- Sist endret