IT-konsulent - brukarstøtte
Søre Sunnmøre IKT (SSIKT)
- Frist 17.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Søre Sunnmøre IKT er per i dag eit interkommunalt samarbeid med utgangspunkt i kommunelova. Det er sju kommunar i samarbeidet: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, som samla sett har ca. 50 000 innbyggarar. Våre primære tenester er drift, utvikling og brukarstøtte av IKT-system for om lag 14 500 tilsette og grunnskuleelevar i dei sju kommunane. Vi er per no 20 tilsette i selskapet. Dei tilsette arbeider innanfor tre ulike avdelingar: brukarstøtte, driftssenter og fagområde. Selskapet vert ofte omtala som SSIKT, som er ei forkorting for Søre Sunnmøre IKT.
Vi har ledig to 100% stillingar i vår brukarstøtteavdeling. Vi leitar etter deg som er ein serviceinnstilt problemløysar, som vil arbeide med menneske og har stor interesse for IKT. Du vil vere ein del av eit team på 11 personar med ansvar for å yte brukarstøtte til våre eigarkommunar.
Arbeidsstad er p.t. Dragsund i Herøy kommune, men det kan bli endra innanfor det geografiske området til dei sju kommunane.
Arbeidsoppgåver
- Support og sakshandsaming per telefon og i sakssystem
- Brukaradministrasjon
- Klienthandtering
- Bestillingar
- Feilsøking og feilretting av hardware og software
- Utarbeide brukardokumentasjon og bidra til organisasjonslæring
- Ta del i ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning eller fagbrev i IKT-servicefag
- Erfaring innan brukarstøtte
- Erfaring med feilsøking og feilretting på IT-utstyr
- God IT-teknisk forståing
- Høg serviceinnstilling
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med menneske og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er strukturert, tolmodig og målretta
- Er opptatt av å yte god service og har gode norskferdigheiter skriftleg og munnleg
- Er kvalitetsbevisst og tek eigarskap for dine oppgåver
- Har stor arbeidskapasitet og god prioriteringsevne
- Har brennande interesse for IKT-faget og vert motivert av å hjelpe brukaren med tekniske problem
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Guro Gausemel, Dagleg leiar, 419 30 300, guro.gausemel@ssikt.noSindre Moltu Riisøen, Leiar bukarstøtte, 932 61 346
Arbeidsstad
Nedre Dragsund 26080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Søre Sunnmøre IKT (SSIKT)Referansenr.: 4711170767
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321625642
- Sist endret