Sjukepleier / Vernepleier
Klepp kommune, Avdeling 1
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Fast
På Kleppheimen jobber me med å bygge opp eit kompetansesenter på demens. Her er demenskoordinator, aktivitetssenter, to sjukeheimsavdelingar, ein frivilligkoordinator og arbeidslag demens samlokaliserte.
Me har som mål å tilby heilhetlige og individuelt tilpassa tenester av høg kvalitet, og samarbeider tett med kommunens tenestekontor om dette.
Arbeidslag demens vart oppretta i 2018. Avdelinga er ein del av heimetenesta, med spisskompetanse på heimebuende menneske med demens. Ved å organiseres slik kan me tilby både brukar og pårørande forutsigbare tenester og kontinuitet, slik at ein kan bu heime lengst mogleg til tross for sjukdom.
Tiltakspakke demens vert nytta som verktøy for den systematiske oppfølginga.
Me har eit svært engasjert og aktivt arbeidsmiljø, som har fokus både på fag og menneske.
Arbeidsoppgåver
Grunnleggande for arbeidet er at det skal opplevast trygt å bu heime. For å oppnå dette må me å:
- systematisk følge opp brukaranse si fysiske og psykiske helse, samt praktiske behov
- fortløpande evaluere hjelpebehov, herunder kva slags hjelpemidler som kan nyttiggjeras til eikvar tid
- vere oppdaterte på digital heimeoppfølging, og administrere dette når det vert nytta i praksis
- tilby pårørande tett oppfølging
- tilby nabolagsarbeid og ellers samarbeid med aktuelle aktører. Dette vert vurdert i kvar enkelt sak
- samarbeide på tvers av avdelingar, eksempelvis med tenestekontor, demenskoordinator ,avlastar og andre distrikt i heimetenesta
- sjå på kompetanse som heilhetlig begrep. Dette gjev ein flatere struktur i oppgåvefordelinga, i tillegg til at alle tilsette har eit uttalt ansvar for å undervise og veilede kvarandre
Kvalifikasjonar
Me søker no ein sjukepleier eller vernepleier med norsk autorisasjon.
Relevant videreutdanning vil bli vektlagt.
Det er ønskelig at dei tilsette har gjennomført demensomsorgens ABC. Dette kan eventuelt gjennomførast etter tilsetjing.
Det er ønskelig at vår nye kollega har erfaring, og reflekter over korleis erfaringa er relevant for vår brukergruppe.
Me tilstrebe å gi tenester av høg kvalitet, og har ambisjonar om å vidareutvikle praksis fortløpande. Det er nødvendig at du har eit bevisst ønske om å bidra til dette.
Du må halde deg fagleg oppdatert, ta utfordringear på strak arm, og ha interesse for journalføring.
Våre tilsette må beherske norsk flytande.
Politiattest, gyldig arbeids- og oppholdstillatelse og førerkort klasse B er påkrevd ved oppstart.
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden i webcruiter.
Personlege eigenskapar
Du som skal jobbe hos oss må vere raus, modig, tålmodig, effektiv, fleksibel, positiv, blid, humoristisk, trygg i deg sjølv og god på stressmeistring.
Du må ha evne til å lytte, og våge å dele eigne vurderingar.
Relasjonskompetanse og engasjement er grunnleggande, og personleg egnethet vil vere avgjerande.
Vi tilbyr
Me veit aldri korleis arbeidsdagen vert hos oss, til tross for at me alltid har ein plan, men me har eit svært godt arbeidsmiljø og høgt under taket, me er gode på å ta alle utfordringane som team, og vurderer fortløpande kva som må prioriteres.
Hos oss jobber ein sjølvstendig, men ikkje åleine.
Me har spennande og komplekse arbeidsoppgåver, og får brukt heile breidden av kompetanse.
Me har ein arbeidsplass der me skal utvikle oss som menneske og fagpersonar. I tillegg har me handlingsrom til å vidareutvikle kommunens tilbod til innbyggjarar som er berørt av demenssjukdom.
Stillinga er todelt turnus, med helgearbeid kvar tredje helg.
Kontaktinformasjon
Olga Marie Torsvik, Avdelingsleiar, +47 48131751Arbeidsstad
Prestevegen 124352 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4712329335
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321614643
- Sist endret