Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 12.10.2023
Vi ønskjer å rekruttere deg til medisinsk avdeling Ålesund sjukehus og har ledige stillingar for sjukepleiar
Stillingane vi har ledig er frå snarast, men startdato kan avtalast :
- 75% fast stilling + 10% vikariat ut desember 2024
- 2 x 100% vikariat frå snarast til ut august 2024, med høve til forlenging
Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdomar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tek i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Avdelinga kan tilby varierte og spanande arbeidsoppåver med fokus på nytenking og utvikling av framtidas helseteneste. Medisin 2 er ein av dei første sengepostene i landet som har framtidas pasientrom, ein arena der vi skal teste ut ulik sensor- og velferdsteknologi i klinisk drift. Dette innovasjonsarbeidet starta opp i 2023, og skal bidra til økt pasientsikkerheit og kvalitet, samt skape flyt i arbeidskvardagen til helsepersonell. Dei ansatte på sengeposten, er fagleg dyktige, engasjerte og inkluderande og avdelinga har eit godt arbeidsmiljø. Vi har eit godt samarbeid mellom fagfelta og dei ulike yrkesgruppene, samt fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.
Stillingane inngår for tida i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ved intern omrokkering kan andre stillingar og anna stillingsprosent bli ledig.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasienten sine grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretaking av pasientsikkerheit
- Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøving av god omsorg til pasient og pårørande
- Bidra til fagutvikling i avdelinga
- Bidra aktivt i avdelinga sitt forbetringsarbeid.
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Studentrettleiing (dersom nyutdanna, så har ein ikkje veiledaransvar før ein har jobba eitt år)
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- 3 års sjukepleiestudentar kan også bli vurdert
- Eignaheit, endringskompetanse og stabilitet vektleggast
- God etisk praksis, både i samhandling med pasientar og i samarbeid med kollegaer
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg, evt anna skandinavisk språk
- Fagleg dyktigheit og fleksibilitet i forhold til oppgåver
Personlege eigenskapar
- Positiv og fleksibel
- Vilje til å sikre eit godt arbeidsmiljø på alle nivå
- Fagleg engasjert
- Teamorientert
- God kommunikasjon og samhandling
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og strukturer
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Kontaktinformasjon
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, +47 99269202, Marthe.Farstad@helse-mr.noArbeidsstad
Åsebøen6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4711452092
Stillingsprosent: 75, 100%
Fast, Vikariat
Sluttdato: 31.08.2024
Søknadsfrist: 12.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321610285
- Sist endret