Har du lyst å få arbeidserfaring i kultursektoren?
Bjørnafjorden kommune Kultureininga
- Frist 30.11.2023
Kultureininga i Bjørnafjorden kommune har behov for å rekruttera tilkallingsvikarar.
Kultureininga har i dag tre avdelingar:
- Bibliotek på Osøyro og i Eikelandsosen
- Kultur og fritid med støttekontaktteneste, fritidsklubbar, frivilligsentral, kultur for eldre
- Idrett og friluftsliv med svømmehalldrift og rådgjeving innan idretts- og friluftsliv
I fleire av desse tenestene har kultureininga behov for tilkallingsvikarar. Det kan vera aktuelt med vikararbeid både på dagtid, kveld eller helg. Behovet kan vera enkeltdagar ved sjukdom eller for ein kortare periode.
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju
Arbeidsstad:
- Oppmøtestad vil variera utifrå kvar det er behov.
Arbeidet omfattar:
- Daglege driftsoppgåver
Søkarar må ha følgande kvalifikasjonar:
- Vidaregåande utdanning og/eller relevant høgare utdanning
- Interesse for kulturfeltet og gjerne relevant arbeidserfaring
- Erfaring frå frivillig arbeid er ei føremon
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at du er:
- Sjølvstendig
- Strukturert
- Løysingsorientert og endringsvillig
- Effektiv
- Fleksibel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Motivert og engasjert medarbeidar
Vi gjer merksam på at du ved behov må legga fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Naudsynt kursing og opplæring
- Lønn etter gjeldande avtaler og tariff
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktpersonar:
Erik Vangsnes, Kultursjef, tlf:47277146, erva@bjornafjorden.kommune.no
Grete Byrkjeland, Avdelingsleiar, tlf: 94853607, gby@bjornafjorden.kommune.no
Bjørnafjorden Kommune - Kultur (visbrosjyre.no)
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321610282
- Sist endret