Sekretær
ØNH og kjevekirurgi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 1.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledig vikariat i 6 månader for sekretær ved ØNH Kristiansund. ØNH poliklinikken i Kristiansund har fem stillingar, derav ein sekretær i 100 % stilling. Sekretær inngår i eit tverrfagleg miljø. Det er ønskjeleg med tilsetting så snart som mogleg.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Arbeidsoppgåver
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver der vi jobbar nær pasientar og pasientbehandlarar
- Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon
- Elektronisk handtering av post og dokumentasjonsarbeid
- Elektronisk handtering av tilvisingar og ventelister
- Dokumentasjon i journalsystem, brevskriving og posthandtering
- Service av høyreapparat (opplæring vil verte gjeven)
Kvalifikasjonar
- Gode IKT-kunnskaper
- Ønskjeleg med relevant erfaring
- Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men er ikkje eit krav
- Fordel om ein er kjend med å bruke MyWay2PAS og DocuLive
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig
- Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardag
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4709366378
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 02.10.2023
Sluttdato: 24.03.2024
Søknadsfrist: 01.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321587883
- Sist endret