Førde bu- og miljøteneste, eining 1, har ledige stillingar for
Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 1
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Førde bu- og miljøteneste, eining 1, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
- Stilling 1: 100 % fast stilling som vernepleiar
- Stilling 2: 100 % fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar
- Stilling 3: 3 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar
- Helgestilling: ca. 20 % fast stilling som helsefagarbeiar
- Stilling 1: offentleg godkjenning som vernepleiar
- Stilling 2: offentleg godkjenning som sjukepleiar eller vernepleiar
- Stilling 3: offentleg godkjenning som helsefagarbeidar
- Helgestilling: helsefagarbeidar
Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkarar på helgestillingane kan ufaglærte få tilbod om mellombels stilling.
Godkjent politiattest av ny dato må leverast før du tiltrer stillinga.
Vi søker etter deg som:- har erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming eller nedsett funksjonsevne
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å jobbe i team, like godt som sjølvstendig
- er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort kl. B
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
- god opplæring
- langvakter
- god pensjons- og forsikringsordning
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321587803
- Sist endret