Sjukepleiar
Kirurgisk og ortopedisk sengepost Volda
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Kirurgisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer og med tydleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Vi har i hovudsak kirurgiske-,ortopediske- men også gynekologiske pasientar.
Vi samarbeider for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar for rett person. Sengeposten har mange ulike diagnosetyper og er ein fin arbeidsplass som gir breidde i erfaringar for deg som sjukepleiar. Vi har fleire prosjekt med fokus på pasientsikkerheit, simulering og pasientflyt.
For deg som vil vere med på vårt lag har vi ledig:
- 100% og 75% vikariat frå 01.01.24 - 31.12.2024
- 90% og 85% vikariat frå snarast - 31.08.2024
Det kan ligge godt til rette for forlenging av vikariata. Andre stillingsprosentar kan bli ledige som følgje av interne rokkeringar.
Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
- 3-delt turnus inkludert nattevakter
- Arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg
- Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
- Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
- Sjukepleie til palliative pasientar
- Samhandling med kommunane
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert vektlagt
- Må trivast med høg aktivitet i arbeidet
- Vilje og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
- Medverke til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Aina Torine Rangsæter, Seksjonsleiar, +47 70058389, Aina.Torine.Rangseter@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4713449016
Stillingsprosent: 100, 90, 85, 75%
Vikariat
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 15.10.2023
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321570806
- Sist endret