Inaktiv
SERVICEMEDARBEIDAR/SJÅFØR
Nordfjord Miljøverk IKS
- Frist 20.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søker etter ein ny kollega ved vår hovudkontor i Eidsmona på Sandane, med hovudoppgåve som sjåfør på servicebil og ansvar for lagerstyring. I tillegg vil oppgåver knytt til våre gjenbruksstasjonar vere ein del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- serviceoppdrag for dunkrenovasjon i Nordfjord med servicebil, som t.d. utdeling, byting og reperasjon av avfallsbehaldarar, utlevering av sekkar til plastemballasje og bioposar
- ansvar for varelager av avfallsbehaldarar og utstyr, bioposar og plastsekkar m.m.
- reperasjon, vedlikehald og reinhald av avfallsbehaldarar
- avvikshandtering etter interne retningsliner
- ordinære driftsoppgåver på gjenbruksstasjon og andre oppgåver knytt til dagleg drift
Vi ser etter deg som:
- er serviceinnstilt og klar for nye utfordringar
- er påliteleg, nøyaktig og strukturert
- jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
- har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
- har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- førarkort klasse BE
Søkar som ikkje har truckførarbevis må ta dette ved tilsetting.
Vi tilbyr
Arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje med sjanse å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag saman med gode kollega. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får du ved å kontakte driftsleiar Frode Denk tlf. 915 31 042 eller sjå www.nomil.no.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321563601
- Sist endret